Veien til Golf-kurs 25.-27.mai

VTG-2018.png

Advertisements
Småprat | Posted on by | Kommenter innlegget

Gratis golfinstruksjon – Laurdag 12.mai

Jon Klyve har sagt seg villig til å ha instruksjon utan vederlag for medlemma i klubben. Dette er eit godt tilbod til alle som ynskjer å finpusse formen tidleg i sesongen.

Stad:                     Drivingrangen på Børve

Når:                       Laurdag 12. mai og evt. søndagen dersom fullt på laurdagen

Klokka:                 Frå klokka 15.00 og kvar heile klokketime fram til klokka 18.00 (slutt 19.00)

Påmelding:         Til lars.torvik@spv.no 

Det vert 4 personar pr gruppe. Fyrst «til mølla prinsippet» gjeld.

 

Småprat | Posted on by | Kommenter innlegget

Golfbanen er open!

Takk til alle som var med på dugnad onsdag og laurdag og som medfører at vi kan opna banen medan vi framleis skriv april.  Den er slett ikkje grøn overalt men vi kan bruka peg dei første dagane.  Det vert ein del grunn under reparasjon (GUR) i år og desse områda skal bli merka. Drivingrangen er våt og har framleis snø så vi opnar ikkje den før fredag 4. mai.

Småprat | Posted on by | Kommenter innlegget

Referat frå Årsmøte

Referat frå Årsmøte 2018 finn du her: Årsmøtereferat Hardanger GK 2018

Småprat | Posted on by | Kommenter innlegget

Klubbmeistrar 2017

PART_1519552480306
Klubbmeistrane frå 2017 Anette Gåsø Stuve og Svein Lund poserar for kamera under Årsfesten på Sandven Hotel. Me gratulerar!

Småprat | Posted on by | Kommenter innlegget

Årsmøte torsdag 22. februar kl 19.00

 

Årsmøte vert torsdag 22. februar kl 19.00.

Stad:  Sandvenvegen 40

Årsmelding:   Årsmelding for Hardanger Golfklubb – 2017
Årsrekneskap:Årsrekneskap 2017 HGK
SakslisteInnkalling til Årsmøte Hardanger GK

Valkomiteens innstilling: Valkomiteens innstilling HGK Styret 2018

Småprat | Posted on by | Kommenter innlegget

Årsfest Sandven Hotel 24.februar

Styret i HGK inviterar til årsfest på Thon Hotel Sandven  laurdag 24.februar frå kl 18.30, der me startar med ein  forfriskning før to-rettars middag kl  19.00. Etter middagen vert det premieutdeling for 2017.

Pris er kr 295,- pr. pers + drikke.

Styret ber om påmelding til styreleiar Eirik Vevatne pr. mail : eirik.vevatne@gmail.com  eller sms på 476 65 826 innan torsdag 22.februar.

Småprat | Posted on by | Kommenter innlegget