Banen

Banen til Hardanger Golfklubb ligg idyllisk plassert ved Hardangerfjorden. Næraste tettstad er Øystese, banen ligg på Børve.

Hardanger Golfklubb har eit lite klubbhus som ikkje er bemanna, drivingrange på 200 meter og 6 hol.

Utslagstee for born merka med oransje spraymaling direkte på gras

På klubbhuset finn du diverse info, inkludert slopetabellar og prisar. Det er sjølvbetjening på betaling av greenfee, bruk gjerne Vipps.
96898 Skjema og scorekort finn du i boksen på klubbhuset.
Det er no innstalert kortautomat på ballmaskina.

Alle vanlege, både debet og kreditt kort kan nyttast, også ApplePay

Lokale reglar gjeldande f.o.m. 2020

Generelt
Motoriserte robotklypparar må ikkje stoppast eller løftast.
Ein klyppar i ro er ein uflyttbar hindring. Fritak etter regel 16.1.
Ein ball i rørsle som ved eit uhell vert stoppa eller får endra retning av ein robotklyppar i rørsle, må spelast frå der den kom til ro, sjå regel 11.
Ein ball i ro som vert flytta av ein robot klyppar i rørsle må plasserast tilbake, sjå regel 9.6.
Om ein robotklyppar i rørsle påverkar spelet fysisk, kan spelaren venta til robotklypparen har flytta seg og ikkje lenger gjev slik påverknad.
Straff for å spele ball frå feil stad ved brot på lokal regel: Generell straff etter regal 14.7a.
Ball i synleg steinsett og/eller singla veg og grøft, eller på skarv, får fri dropp. Regel 25-1.
Hol 1Det er ikkje lov å slå frå tee mot green pga sikringsårsaker.
Hol 2Ball i sidevasshinder bak green skal droppast ei køllelengde frå stolpe som viser droppsone. Stolpen er uflyttbar hindring. Ball i GUR kan plasserast. Næraste spelbare punkt for fritak skal vere imot green.
Hol 3Slå to gonger i bjølla når du kjem til tee.
Hol 5Det er ikkje lov å slå frå tee mot green pga sikringsårsaker. Slå tre gonger på signalhylsa før du går frå dogleg til green.