Tusen takk!

Tusen takk til alle dei 22 som møtte på dugnaden! Vi fekk gjort alt som stod på lista vår, så no vert det mindre å gjere til våren reknar vi med.

Minitraktoren var eit kapittel for seg; først stoppa den, så fekk dei han i gang igjen vha bakkestart – deretter gjekk den 300 meter, og så datt eit av hjula av! Inni der hjulet skal vera var det finmekanikk, og då må spesialist på banen, så viss du ser traktoren ved hol 1 så veit du kvifor!

Lift vart leigd for å fiksa nettet, men den viste seg å vera for kort, så då kom det kranbil med korg som 2 heldige menn vart heist til topps i. Nettet vart fiksa og delvis drege til sides! Resten av nettet vart og fiksa, men det heng ute for banen og driving rangen er framleis open! Det vil kome melding her og på FB ein dag før vi stengjer.

Innimellom all jobbinga serverte vi heimebakst og kaffi/te med smittevernreglane i fokus. Vi hadde og premieutdeling for dei turneringene som gjenstod. Alle resultata ligg i Golfbox. Viss du skal ha premie og ikkje var der, så får du den av nokon som var der og tok den for deg.

Småprat | Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s