
Vi har tradisjon for godt frammøte på dugnader, spesielt dei to hovud-dugnadane våre haust og vår. Tida er no inne for haustdugnaden – datoen er laurdag 24.10 klokka 10-15. Vi organiserer og har arbeidsoppgåver klare. Det vert lett servering (lurt å ta med niste i tillegg) og kaffi. I tillegg prøver vi å få til premieutdeling for turneringar. Det er fint viss du tek med deg spade, rake, bøtte, hanskar, motorsag (3stk nødvendig), og ikkje minst godt humør! Vel møtt til ein triveleg dag på banen på Børve. Oppmøte Driving range.
Her er nokon minne frå tidlegare dugnader