Vi har ikkje lagt på latsida fordi om det har vore lite å lesa her. Vi har gjennomført årets siste VTG (Vegen til golf) kurs med 7 deltakarar, hatt opplæring for elevar frå Framnes kristne vgs kvar tysdag, og er i gang med treningskveldar for nybegynnarar mandagskveldar frå klokka 17. Til alle desse aktivitetane trengs det erfarne golfarar, og mange medlemmer har stilt opp.
I tillegg har det vore kvitt av ballar på rangen så og seie dagleg, og vi måtte setje opp ei ny dugnadsliste over ballplukkarar. Vi har og helde toaletta og Lunden reine og fine, så mange dugnadstimar går med i oktober og.