Referat frå Årsmøte

Referat frå Årsmøte 2018 finn du her: Årsmøtereferat Hardanger GK 2018

Advertisements
Småprat | Posted on by | Kommenter innlegget

Klubbmeistrar 2017

PART_1519552480306
Klubbmeistrane frå 2017 Anette Gåsø Stuve og Svein Lund poserar for kamera under Årsfesten på Sandven Hotel. Me gratulerar!

Småprat | Posted on by | Kommenter innlegget

Årsmøte torsdag 22. februar kl 19.00

 

Årsmøte vert torsdag 22. februar kl 19.00.

Stad:  Sandvenvegen 40

Årsmelding:   Årsmelding for Hardanger Golfklubb – 2017
Årsrekneskap:Årsrekneskap 2017 HGK
SakslisteInnkalling til Årsmøte Hardanger GK

Valkomiteens innstilling: Valkomiteens innstilling HGK Styret 2018

Småprat | Posted on by | Kommenter innlegget

Årsfest Sandven Hotel 24.februar

Styret i HGK inviterar til årsfest på Thon Hotel Sandven  laurdag 24.februar frå kl 18.30, der me startar med ein  forfriskning før to-rettars middag kl  19.00. Etter middagen vert det premieutdeling for 2017.

Pris er kr 295,- pr. pers + drikke.

Styret ber om påmelding til styreleiar Eirik Vevatne pr. mail : eirik.vevatne@gmail.com  eller sms på 476 65 826 innan torsdag 22.februar.

Småprat | Posted on by | Kommenter innlegget

Haustdugnad laurdag 07.okt kl. 10

Vel møtt til haustdugnad laurdag 07.oktober kl 10.00,

Førstkommande laurdag kl 10 skal me ha haustdugnad på golfbanen, me treng folk til ballplukking, kantslått, reingjøring av Lunden, felling av trær og rydding av pas. Ta med motorsag om du har, arbeidshanskar, ryddesag/kantklipper og godt humør.

Kan du vera med og klarar du få med deg 2-3 andre golfarar på dugnaden? Dette vert sosialt og kjekt. Me legg inn ein kaffepause i 12-tida med noko å bita i.

Mvh. Styret HGK

Småprat | Posted on by | Kommenter innlegget

Siste sjanse – resultater

Sesongens siste golfturneirng vart gjennomført søndag, totalt 8 par spelte seg gjennom 12 hol scramble. Vinnarane vart Vidar Østerbø og Gert Remeijer med imponerande -9 under banens par. Duoen Anne Kristin og Tor Hammersland tok 2.plassen med -5 slag. Mens Bjørg og Bjarte Døssland fekk 3.plassen med -4 slag.

Sjølv om turneringsesongen er over, er både bane og range framleis open, så ein kan framleis få svingt seg utover hausten.

Komplett resultatliste: golfbox 

Småprat | Posted on by | Kommenter innlegget

Klubbmeisterskap putting 2017

Me gratulerar Dagfrid Opedal Berge med sigaren i klubbmeisterskap i putting 2017. Ho nytta 35 slag på runden. 2. plass gjekk til Ingunn Grevstad (40 slag), tredjeplassen blei delt mellom heile 5 spelarar; Asbjørn Skjelvan, Olav Torpe, Terje Storeng, Geir Leivestad og Randi Hjemlestad hadde alle 41 slag.

Me gratulerar!

Komplett resultatliste: golfbox

 

Småprat | Posted on by | Kommenter innlegget